Seaman`s Mission i Bergen

Fredag 21. oktober var nokre av dei frivillige i Seaman`s Mission i Bergen samla til eit møte om arbeidet.

Saman med dei var generalsekretær Arne Helleland og Siv Mette Helleland.
Det vart ei triveleg stund ilag i lokala i Skuteviken.

Samlinga starta med bønn og ei helsing frå generalsekretæren frå Matt 14, om då Peter gjekk til Jesus på vatnet. Då han byrja å søkka, ropa han «Herre frels meg» og straks rette Jesus ut handa. Slik er Jesu kjærleik, at han straks bergar den som vender seg til han.

Dei frivillige fortalde så om arbeidet blant cruiseskip-mannskapa, og korleis dei kunne nå dei med å visa omsorg og interesse. Mange av mannskapa var opne for samtale om Jesus og dei fekk lov å be med mange.

Det vart også fint å snakke saman om alt arbeidet i Den indre Sjømannsmisjon og skape direkte relasjonar mellom oss i tenesta.

På slutten av møtet las Siv Mette Jes. 53.5:
«Men han ble såret for våre overtredelser, knust for våre misgjerninger. Straffen lå på ham, for at vi skulle ha fred, og ved hans sår har vi fått legedom.»
Ho minna om alvoret; det er ingen vei til evig liv utan gjennom Jesus.

Heilt til slutt hadde me felles bøn for kvarandre og for arbeidet.

Bilete: F. v.: Ragnhild, Ruth, Eli, Kjell, Tore og Marjory. Foto: Siv Mette Helleland

0